Fredag 5. september til sundag 14. september 2025
Hemsedalsviku er ein inkluderande møteplass for fellesskap, lokal identitet og stoltheit over bygda vår. Gjennom aktivitetar og samver vil vi styrke røtene våre, lære av kvarandre og vise fram kva Hemsedal er – for oss som bur her, og for dei som kjem på besøk.
Våre verdiar:
Inkludering
Vi skal møte kvarandre med openheit og respekt – alle skal kjenne seg velkomne, uansett bakgrunn.
Fellesskap
Vi bygger relasjonar og skaper møteplassar som styrkar samhaldet i bygda.
Lokal identitet og stoltheit
Vi løfter fram det unike ved Hemsedal – natur, historie, kultur og menneske – og kjenner på stoltheit over kven vi er.
Kunnskap og kulturarv
Vi verdset historia vår, tradisjonane og dei gode forteljingane – og deler dei vidare til nye generasjonar.
Engasjement og deltaking
Vi heiar på initiativ, frivillig innsats og samarbeid – saman skaper vi Hemsedalsviku.
Hemsedalsviku blir eit årleg arrangement
Søk etter arrangement:
